Drømmestipendet 2010

Lokale kandidatar heidra!
Alle kulturskular i landet kan nominere ein kandidat frå kvar kommune til Drømmestipendet.
I år er Olav Austegaard nominert for Evje og Hornnes kommune i kategorien musikk, og Jakob Haugaa for Bygland kommune i kategorien foto.
 
Det å bli nominert er i seg sjølv eit kvalitetsstempel. Begge ”våre” kandidatar er uvanleg ambisiøse og dyktige utøvarar innan sine felt, og flotte representantar for kvar sin kommune.
 
Olav har vore ei drivkraft i rockemiljøet på Evje i fleire år, og denne våren er han og lærar på trommer i kulturskulen.
Jakob har kome til landsmønstringa i UKM fleire gonger, og har vunne fleire prisar for bileta sine. 
 
At dei begge går siste året på Hornnes vgs, og til og med i samme klasse, gjorde at me likegodt tok turen dit torsdag 3.juni. Med hjelp frå skulen fekk me rive kandidatane laus frå ei økt på fotballbanen.
I resepsjonen på skulen, med ein flokk elevar, rektor og lokalpresse til stades blei dei to lokale kandidatane hylla med godord, blomar og ei eksklusiv kulturskule-t-skjorte kvar.
 
Kl.10 presis blei namna på stipendvinnarane gjort kjent over heile landet. 
Endeleg kunne me sleppe katta or sekken og røpe at den eine kandidaten, Jakob Haugaa, er mellom dei hundre i landet som får Drømmestipendet 2010!
 
Den offisielle overleveringa av diplom og stipend til Jakob blir i samband med kommunestyremøtet i Bygland 22.juni kl.12.
 
Drømmestipendet har eiga nettside, www.drommestipendet.no , der ein kan lese, sjå og høyre meir om kandidatane.
Jakob si heimeside: www.jakobhaugaa.com
 Saka er og omtala i Setesdølen fredag 4.juni.
 
Fakta om Drømmestipendet
  • Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping står bak Drømmestipendet
  • Drømmestipendet vert i 2010 delt ut for sjuande gong
  • Målet er å gi unge kulturtalent høve til å få oppfylt ein kulturell draum og utvikle seg vidare innan sitt område
  • Det vert delt ut 100 stipend à 10 000 kroner til enkeltpersonar eller grupper med unge under 20 år
  • Mottakarane kan ikkje være etablerte kunstnarar
  • I alt er det motteke 249 søknadar i år.
  • Alle kommunane, v/kulturskulen, er invitert til å nominere ein kandidat kvar